Lov om Avhending av Fast Eiendom


Utdrag fra Lov om Avhending av Fast Eiendom
Avhendingsloven

"Lov om avhending av fast eiendom" eller "Avhendingsloven" som den også kalles,
regulerer kjøp og salg av fast eiendom.
Den gjelder ikke ved kjøp og salg av salg av andelsleiligheter,
aksjeleiligheter eller obligasjonsleiligheter.



DATO: LOV-1992-07-03-93
DEPARTEMENT: JD (Justis- og politidepartementet)
PUBLISERT: I 1992 Nr. 14
IKRAFTTREDELSE: 1993-01-01
SIST-ENDRET: LOV-2003-06-06-39 fra 2005-08-15

Kapittel 1. Allmenne føresegner
§ 1-1. Kva lova gjeld

(1) Lova gjeld avhending av fast eigedom når avhendinga skjer ved frivillig sal, byte eller gåve. Som fast eigedom vert rekna grunn og bygningar, og elles andre innretninger som er varig forbundne med grunnen. Lova gjeld og avhending av sameigepart i fast eigedom, av eigarseksjon (eigarleilegheit m. m.) og av tomtefesterett.
(2) Lova gjeld ikkje avtalar som er omfatta av lov av 13. juni 1997 nr. 43 om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. (bustadoppføringslova).
(3) Ved samansett avtale som gjeld avhending av fast eigedom saman med oppføring av bygning eller anna yting frå seljaren, gjeld lova berre for avhendingsdelen. Dersom tillegget til avhendinga utgjer ein uvesentleg del, gjeld lova så langt ho høver likevel for heile avtala.
(4) Ved byte vert kvar part rekna som seljar av den eigedomen parten let frå seg og kjøpar av den eigedomen som kjem i byte.
(5) Ved gåve gjeld berre §§ 1-3, 2-1, 2-3, 2-4 tredje ledd, 2-5 og 5-3 andre, fjerde og femte ledd. For givaren gjeld det som er fastsett for seljar, og for mottakaren det som er fastsett for kjøpar.

Endra med lov 13 juni 1997 nr. 43 (i kraft 1 juli 1998).

§ 1-1a. Andel i burettslag

(1) Lova gjeld tilsvarande for avtalar om avhending av andel i burettslag og avtalar om rett til bustad som er knytt til eller skal knytast til andel i burettslag. Overføring eller teikning av andel i burettslaget skal reknast som heimelsoverføring dersom burettslaget har heimel til eigedommen.
(2) Likt med andel i burettslag skal reknast registrert rett til bustad etter lov om burettslag § 2-13 andre ledd.
(3) Pantetrygd etter § 2-9 skal gjelde andelen. Panteretten får rettsvern etter same reglar som for rettsstiftingar i andelen elles.

Tilføyd ved lov 6 juni 2003 nr. 39 (i kraft 15 aug 2005 iflg. res. 17 juni 2005 nr. 603).

§ 1-2. Høvet til å fråvike lova, forbrukarkjøp

(1) Når ikkje anna er særskilt sagt i lova, kan lova fråvikast ved avtale.
(2) Lova kan ikkje fråvikast ved avtale til ugunst for kjøparen ved forbrukarkjøp av nyoppført eigarbustad som ikkje har vore brukt som bustad i meir enn eitt år på avtaletida, dersom seljaren har gjort avtalen som ledd i næringsverksemd. Ved andre forbrukarkjøp kan §§ 1-3, 3-3, 3-7 til 3-10, 4-1 til 4-19, 6-1 til 6-3 og 7-1 til 7-3 ikkje fråvikast ved avtale til ugunst for kjøparen.
(3) Med forbrukarkjøp er meint kjøp av eigedom når kjøparen er ein fysisk person som ikkje hovudsakleg handlar som ledd i næringsverksemd.

Endra med lover 13 juni 1997 nr. 43 (i kraft 1 juli 1998), 21 juni nr. 35 ( i kraft 1 juli 2002).

§ 1-3. Avtaleform

Avtale om avhending av fast eigedom kan gjerast skriftleg eller munnleg. Er avtala gjort munnleg, skal ho setjast opp skriftleg når ein av partane krev det.


Klikk her for å lese hele avhendingsloven (Lovdata.no)
Relatert info: Eiendomsmeglingsloven

(c) 2005-2012 Eiendomsmegler.com - E-mail: - post (at) eiendomsmegler (dot) com
Domenene Eiendomsmegler.com/.net/.biz kan også vurderes å selges videre